Generelt
Det skal spelast to - 2 melodiar i alle klassar. Ein av desse må vera i gamaldanstakt. Melodiane bør ikkje overskrida tre - 3 minutt.
Grupper
I klassen for grupper skal det spelast kvalifisering til finale laurdag morgon. Finalespelet skal gå føre seg om kvelden, til dansande publikum. Fire - 4 grupper går vidare til finalen. I finalen skal det spelast fire - 4 melodiar, ein i kvar danseart. I finalen må alle melodiane vera i gamaldanstakt - dvs. ein låt i kvar av danseartane: - Vals - Reinlender (schottis, ganglåt, snoa etc.) - Polka (hamborgar, galopp, skotsk etc.) - Masurka (pols, springpolka, hambo etc.)
Poengsummar frå innleiande runde vert strokne før finalen, slik at alle orkester startar med blanke ark i finalen. Melodiar som er brukt i kvalifiseringa kan også brukast i finalen. Rekkjefylgja i finalen vert trekt.
Open Klasse
I open klasse vil det bli opna for andre instrument i tillegg til toradar/durspel - men det er krav om at toradaren er ein del av instrumentsamansetjinga. Ein av melodiane skal ha utgangspunkt i gammaldansen, slik som i dei andre klassane. Den andre melodien er valfri. Me vil presisere at dette er ein konsertklasse, der ein vil bli premiert for nytenkjing, eksperimentering og særeigenheit. I denne klassen vil det ikkje bli sett noko begrensning på kor mange samansetjingar ein kan delta med, då ein heller ynskjer å oppmode alle interesserte til å delta i både nye og faste samansetjingar.
Dømming
Det er tre - 3 domarar i klassane for duett og solist. Det er fem - 5 domarar i klassane for grupper og open klasse. I klassane for grupper og open klasse vil høgste og lågaste poengsum verta strokne.
Kvar dommar gjev max 30 poeng for solistar, max 40 poeng for duettar og open klasse, og max 50 poeng for grupper.
3.
Dommarkreteriar.
SOLISTAR: - Heilheitsintrykk.................................10 poeng - Takt/rytme/tempo.............................10 poeng - Vanskelegheitsgrad/teknikk................10 poeng
DUETTAR: - Heilheitsintrykk..................................10 poeng - Takt/rytme/tempo..............................10 poeng - Vanskelegheitsgrad/teknikk.................10 poeng - Samspel/Arrangement.........................10 poeng
GRUPPER: - Heilheitsintrykk.....................................10 poeng - Takt/rytme/tempo.................................10 poeng - Vanskelegheitsgrad/teknikk....................10 poeng - Samspel/Arrangement............................10 poeng - Komp...................................................10 poeng Open Klasse: - Takt/rytme/tempo..................................10 poeng - Musikalitet/formidling.............................10 poeng - Samspel...............................................10 poeng - Arrangement.........................................10 poeng
|