21-23 oktober
Voss Ungdomslag har den gleda å ynskja velkommen til den 23. toradarfestivalen på Park Hotell, Vossevangen. Som ny arrangør vonar me på god oppslutnad og ei helg som verkeleg står i toradaren og dansemusikken sit teikn. Oktoberfestivalen i toradarspell har desse klassane:
Solist under 12 år Solist 12 - 14 år Solist 14 - 16 år Solist over 16 år Duett under 16 år Duett over 16 år Klasse for grupper ( 6 toradarar eller meir + komp ) Open klasse (andre instrument kan nyttast, i samspel med toradaren)
Nyhende: I klassen for grupper vert det finale på laurdag kveld - til dansande publikum. Me prøver oss også med ein ny klasse på årets festival: Open klasse. Dette medfører at den tradisjonelle orkesterklassen går ut under årets festival.
Kriteriar og konkurransereglar for festivalen, og dei ulike klassane, finn du på nettsidene våre, www.oktoberfestivalenitoradarspel.no.
Du finn oss også på facebook med ny side: www.facebook.com/pages/Oktoberfestivalen/128937213859294?ref=ts
Alle klassar er opne for deltakarar frå heile Vestlandet. ( Rogaland - Hordaland - Sogn og Fjordane - Møre og Romsdal )
Årets dommarar vert: offentleggjort når påmeldings fristen går ut 01. oktober 2011
------------------------------------------------------------ ----------------------------------------------------------- Tinging av hotellrom Tinging av hotellrom direkte til hotellet. Viktig at alle skundar seg å tinge rom, slik at de kan velge fritt kva ynskjer de har. Prisen er avtalt med hotellet for festivalgjestane. Pris per person i dobbeltrom kr. 775,- per døgn Dobbeltrom de luxe kr. 975,- Enkeltrom kr.1075,- Enkeltrom de luxe kr. 1275,- Dobbeltrom i sidefløy kr. 500,- Enkeltrom i sidefløy kr.750,-
Hugs også å tinge bord i spisesalen tidleg, slik at de får sitte samla slik de ynskjer.
For påmelding til konkurransar sjå eige skjema med rett åstall.
Eventuelle spørsmål i samband med tilskipinga kan rettast til: Voss Ungdomslag, tlf 56 51 11 74/ 957 09 460 eller epost: post@vossul.no
Helsing Voss Ungdomslag
|