|
- Bilder og info fra festivalen, 2007 -
-------------------------------------------------------------
| | | |
| Knusande siger til Osterøy "Dei navnlause" frå Osterøy tok ein klar siger i orkesterklassen, under Oktoberfestivalen i toradarspel på Voss i helga.
Og ikkje nok med det: Ostringane dominerte mønstringa totalt. I fem av åtte klassar gjekk solistar, duoar eller orkester frå Osterøy til topps. Festivalgeneral Paul Jarle Grande, som er lærar i musikkskulen i Aurland, kunne likevel gle seg over siger for sin elev Odne Skålnes i klassen solist under 12 år. Og i solistklassen 12-14 år henta hans elevar seg både 2. og 3. plass. NM-status neste år Med sigeren i helga sikra dei namnlause ostringane seg også ein uoffisielt NM-tittel i durspel for orkester. Kåringa under oktoberfestivalen i år var ein prøve. Men frå neste år vil tevlinga ha offisiell status som noregsmeisterskap, seier Grande. Frå 2008 vil Voss dermed ha eit fast og årvisst NM på plakaten. Etter at Titanofestivalen la ned seg sjølv i fjor, finst det ikkje lenger noko offisielt NM for durspel i orkesterklassen. Difor grip me no sjansen. Grande er såleis svært nøgd med den geografiske fordelinga mellom dei tre orkestra (av sju) som nådde finalen. "Viltringein" kjem frå Vinstra, "Tørstad & Albrigtsen´s Orkester" frå Valdres-traktene, medan "Dei navnlause" altså er strilar. Store delar av Sør-Noreg er såleis representert i desse tre orkestra, seier Grande nøgd. Knapt ein vossing Det han ikkje er tilsvarande nøgd med er vilkåra toradaren har i hans eiga bygd. Heilt fortvilande. Ikkje ein einaste vossing stilte i år i solistklassen. Eg sjølv var i elden i orkestersamanheng, med gruppa Geitebukkane. I tillegg spelte Kristine Skjervheim med gruppa Minibelgen. Det var alle vossingane mellom langt innpå 200 musikarar. Kvifor er det slik? Heilt klart fordi det ikkje finst tilbod om toradar i kulturskulen på Voss, seier mannen som sjølv er drivkraft for instrumentet i Aurland kommune i Sogn. Og aurlendingar fylte scena på rekkje og rad i løpet av helga. Over til levekår I fjor inviterte eg leiinga i kulturskulen til Oktoberfestivalen, men ingen kom. No har eg tenkt meg å sparka ballen over til det nye levekår-utvalet. Det er dei som no lyt på banen og tilrå ekstra løyving til kulturskulen, slik at det kan verta opning for å tilsetja lærarkrefter. Eg veit og konkret at det er stor interesse både blant born og foreldre for å få i gang eit tilbod om toradar-opplæring her på Voss. Akkurat som det heile tida er eit sterkt ynskje om å høyra slik musikk. Sjølv har eg til dømes vore å opna jolegata på Amfi fire år på rad med ei gruppe aurlendingar. Greitt nok det, seier Grande. Men tenk kor kjekt det ville vore om tre-fire unge musikantar frå Voss kunne gjort slikt. Då ville dei blitt hyrt inn til oppdrag både tidt og ofte, det kan eg lova. Skal Voss bli staden der NM-vinnarar i toradarmusikk vert kåra, bør det då også koma eit oppsving i duspel-interessa her lokalt, synest festivalgeneralen. Får me ein lærar på plass over nyttår, vil dei nye elevane heilt klart kunna ta del i Oktoberfestivalen alt neste haust, trur Paul Jarle Grande..
ROLF TEPSTAD - tekst www.avisa-hordaland.no rte@avisa-hordaland.no
|
|
|
:: MENY ::
| Bilder fra festivalen 2007 |
Sjå bilda her Les meir..
|
| :: RESULTAT 2007 :: |
Her finn du alle resultata. Les meir..
|
|